Tilgjengeprisen 2025 til Hafslo idrettslag

I kommunestyremøtet 10. april vart Tilgjengeprisen 2025 delt ut til Hafslo idrettslag for prosjektet «Idrett for alle». Prisen heidrar eit målretta arbeid å gjere idretten tilgjengeleg for alle.

Tilgjengeprisen 2025 - Klikk for stort bileteKristine og Celine Fardal Norheim mottok Tilgjengeprisen 2025 til Hafslo idrettslag for prosjektet «Idrett for alle»

Formålet med prisen er å setje positivt fokus på arbeidet for å fjerne eller redusere barrierar som hindrar deltaking i samfunnet.
Universell utforming handlar ikke kun om fysisk utforming, men også om tilrettelegging av aktivitets- og kulturtilbod.

Grunngjevinga for Tilgjengeprisen 2025: 

Luster kommune sin tilgjengepris er tenkt å heidre einskildpersonar, organisasjonar eller bedrifter som har gjort ein ekstra innsats for å skape eit universelt utforma Luster. Eit samfunn tilpassa alle. 

Prisen er oppretta av kommunestyre, i møte den 15. desember 2022, og påskjøning er markering med utdeling av diplom og blomster.

Det er rådet for personar med funksjonsnedsetting som tek avgjerd om kven prisen skal gå til, etter å ha motteke forslag om kandidatar frå privatpersonar og organisasjonar.

Universell utforming handler ikke kun om fysisk utforming, men også om tilrettelegging av aktivitets- og kulturtilbud.

Medmenneskeleg tilgjenge handler om å være forståeleg og imøtekommande for alle, uavhengig av bakgrunn eller evner. Dette skaper et samfunn der alle føler seg inkludert og verdsett.

For 2025 går prisen til «Idrett for alle».
«Idrett for alle» er ei gruppe under trimgruppa til Hafslo idrettslag og Kristine Fardal Norheim er trenar.

På aktivitetane til «Idrett for alle» er det sju deltakarar frå 3. klasse til 22 år.
Gruppa har med instruktørar og hjelpeinstruktørar. Trimgruppa har med ungdommar som får ta ansvar, der dei kan utvikle seg og bidra i organiseringa som trenarar og leiarar.

Det er trening torsdagar anna kvar veke med varierte aktivitetar.
Treningstilbodet er med på å gjera idretten tilgjengeleg for fleire – uavhengig av bakgrunn eller ressursar.

I ei tid der vi ofte ser at idrett er noko for dei få, har denne prisvinnaren vore ein pådrivar for at fleire har fått moglegheit til å delta, lære og utvikle seg gjennom idrett.

Idretten har krafta til å vere samlande, byggje fellesskap og bidra til betre helse, både fysisk og mentalt. Vi ser på idrett som meir enn berre konkurranse. Når me heidrar "Idrett for alle", heidrar me ein visjon om at ingen skal stå utanfor.

Prisvinnaren vår i dag har vist oss korleis det er mogleg å gjere ein forskjell, både på og utanfor bana. Ved å opne dørene for dei som kanskje elles ikkje hadde hadde delteke, bidreg dei til å skape ein arena der alle føler seg velkomne, verdsette og trygge.

Det er i desse små, men viktige handlingane at me ser dei verkelege verdiane av idretten komme til liv.

Takk for innsatsen de legg ned for å gjere idrett tilgjengeleg for alle.