Søknadsfrist 01.04.2025, elektronisk søknad via Altinn.
Det kan løyvast tilskot til følgjande tiltak:
- Restaurering og skjøtsel av areal. Dette er eit prioritert tiltak for å sikre det biologiske mangfaldet, og for å ta vare på kulturlandskapet.
- Restaurering, istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne
- Planlegging av tiltak
- Tilrettelegging for ferdsel og friluftsliv
- Formidlingstiltak
- Kartlegging og dokumentasjon av landskapsverdiar
- Kartlegging og dokumentasjon av behov for skjøtsel og sikring av natur- og kulturminneverdiar
- Andre næringsretta tiltak og tiltak som fremjar føremålet med ordninga
Luster kommune er for 2025 tildelt inntil kr 400.000 til tilskotsordninga frå Statsforvaltaren. I tillegg kjem det 50 000 kroner frå inndregne midlar i 2025. Samla ramme for søknadsfrist pr. 01.04.2025 er kr 450 000.
Tildeling av tilskot vert gjort i tråd med retningslinjer for tilskot til utvalt kulturlandskap (UKL)- Ormelid 2022-2025. Føremålet med ordninga vert lagt til grunn ved tildeling av midlane, tiltak må vere i samsvar med gjeldande planar for området.
Krav til søknad
Det skal leggjast ved:
- kart som syner kvar tiltaket skal gjennomførast
- bilete av arealet eller objektet før tiltaket vert sett i gang
- skriftleg løyve frå grunneigar og ev. rettshavar
- Søknad må ha kostnadsoverslag og finansieringsplan. Dersom det er søkt om tilskot til same tiltak tidlegare skal opplysast om.
- Forvaltningsplan og skjøtselsplan er grunnlag for prioritering av oppgåver og finansiering av tiltak. Søknad må vise til korleis tiltaket er med på å nå målsetjingar i gjeldande planar, samt føremålet med UKL.
Søknad skal vere i tråd med «Retningslinjer for tilskot til utvalt kulturlandskap (UKL)- Ormelid 2022-2025». Mangefulle søknader kan avvisast
Følgjande satsar skal nyttast for 2025:
Manuelt utført eige arbeid (inkl. motorsag o.l): 350 kr/time
Bruk av eigen traktor/gravemaskin: 800 kr/time
Satsar for skjøtsel, beitetilskot og liknande går fram av retningslinjene.
Evt. Innhenta kostnadsoverslag frå entreprenør/fagperson
Sjå meir informasjon om ordninga på Landbruksdirektoratet.
Video med brukarrettleiing for søknad