Gjennom filmane får du eit nytt blikk på kulturarven vår.
No er ein ny film i serien nyleg sleppt: Ønskjekvisten – magi eller vitenskap? Filmen tek føre seg tradisjonar med og trua på ønskjekvisten - er det overtru, naturleg fenomen eller noko i mellom…
Prosjektet er eit samarbeid mellom dei frivillige organisasjonane Hafslo sogelag og Folkeakademiet Luster, og Luster kommune si kulturavdeling er koordinator og utviklar for prosjektet.
Eit av føremåla med prosjektet er å styrke kunnskapen og identitetskjensla til lustringane generelt og spesielt dei yngre årsklassane vil kunna ha nytte av filmane til skulebruk i t.d. Den Kulturelle Skulesekken.
Du kan lese meir om prosjektet og finne lenker til filmane i denne artikkelen.
Alle filmane er samla på YouTube-kanalen
«Kulturen i Naturen»