
Mellom 17. og 30. mars får alle husstandar utlevert ny rull.
Kvar bueining får utlevert ein rull med plastsekkar til plastemballasje.
Hugs å setje ut behaldar for papp- og papir for tømming i desse vekene, då renovatøren legg rullen oppå denne. Om ikkje behaldaren er sett ut, kan du henta ein rull gratis på rådhuset eller miljøstasjonen innan ein månad etter utlevering.
Har du behov for ekstra plastsekkar? Om du har gått tom for posar før ny utlevering, bra jobba med sorteringa! Gebyret du har betalt dekker ein rull, om du treng fleire får du kjøpt dette på miljøstasjon eller rådhuset i Gaupne.
NB! Nytt av i år er at bioposar til matavfall ikkje automatisk blir levert ut, fordi ein no kan knyte ein biopose på behaldaren når som helst, og få ny rull av renovatøren. Større sameige og bedrifter kan ta kontakt for bestilling.
Les meir på sida til Simas
Ofte stilte spørsmål om bioposar og plastsekkar