I målebrev frå 1995, vedlegg 1, står 0/0-teigen, markert med raudt på bilete under, både som gamal veggrunn og off. veggrunn. Luster kommune hevder å vere eigar av dette arealet, og me ønskjer å samanføye arealet med gbnr 71/84 for å kunne realisere reguleringsplanen for området.
Jf flybilda, vedlegg 2 og 3, så har eigedommar fått ny vegtilkomst når den «nye» Høyheimsvegen vart bygd, og eventuelle vegrettar på arealet er ivareteke på den kommunale vegen gjennom området.
Eventuelle merknadar skal sendast innan 1. mars til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne, på elektronisk høyringsskjema eller på e-post post@luster.kommune.no
Her kan du sende innspel og lese dokumenta i saken